URANUS I TYREN I 8 ÅR
Kva har verdi for deg ?
Tyren kan hjelpe deg å skape det livet du sjølv ynskjer materialisere, medan Uranus tilbyr deg fridom, nyskaping og bevisstgjering rundt ting.
Sol, blå himmel, små grønne museøyrer på bjørka, stillhet med masse fuglekvitter.
Sit ute i naturen på stølen som tilhørte mine besteforeldre, ca 900 m.o.h, og reflekterar over Tyren sitt teikn. Når eg tenkker Tyren, tenkjer eg på bonden. Bonden som gjekk på jorda sine og sjekka avlinga si, som foredla jorda på ein god måte, som stelte dyra sine og prata med dei, og som gjekk på vollen og slo med ljå. Som var praktisk og reparerte på husa sine.
Bestefar min såg i ein bestemt himmel retning kl 21 om kvelden, for ut frå det kunne han sjå korleis været ville verta neste dag, om han måtte stå ekstra tidleg opp for å slå graset. Dei levde i pakt med naturen og rytmen som var naturleg der og då.
Tolmod, lytte til naturen og kroppen.
Tyren let åkeren spire og gro, han har tid til å vente, han hastar seg ikkje fram, det er tolmod. Det viktigaste er at det vert bra kvalitet. Han veit at å rydde ein åker tek tid og han veit at ein må jobbe for føda. Midt på dagen var det inn til mat og kvile, fordi han lytta til kroppen sine behov. Naturen og kroppen sin rytme var viktig å lytte til. Han lytta til småfuglen, til vinden, han kjente det på gikta om det vart anna vær. Dei sat på stølen og nytta alt av mjølk og kjøt, og dei brukte hesten til å frakte heim. Fred og ro, men mykje arbeid, steg for steg.
Uranus i Tyren i 8 år - nyskaping, bevisstgjering.
Uranus har no gått inn i Tyren sitt teikn og vil vera der i mange år. Denne ytre planeten står for nyskaping og vil gjerne ha endring. Det er planeten for fridom og oppvakning, det er teknologi og nye tankar. Uranus høyrer til det mentale og skapar bevisstgjering av det ubevisste, så akkurat no vil det vera bevisstgjering rundt Tyren sine tema i 8 år. Tyren som handlar om jordbruk, mat, pengar, økonomi. Det handlar om kropp, det fysiske, det materielle og kva vi ser på som verdi. Det er planeten Venus som herskar over Tyren, så det er kjærleik til deg sjølv, din kropp og dine verdiar. Uranus vil skape ein endring, det kan vera rundt tema som ein kan ha grodd litt fast i og skapt vanar/uvanar av, for Tyren vil helst ikkje ha endring. Tyren berre held ut og held ut.
Uranus vil lyse opp tankar om korleis vi foredlar mat og tek vare på jorda vår. I lang tid har det handla om økonomi og profitt rundt maten som har vorte laga, meir enn at den skulle vera sunn og bra. Økologiske jordbruket kan koma meir på banen og korleis vi avlar og forar opp dyra våre . Ein større bevissthet om kva vi er villig til å putte i kroppen vår, og korleis vi tek vare på moder jord er nokre eksempel t.d. plasten i naturen. Det fysiske, det materielle, ta vare på det vi alt har og reparere på det, mindre forbrukssamfunn. Vi ser det er aukande interesse for å plante og så litt sjølv av urter og grønnsaker, sjølv på små verandaer i byen.
Nyte, sunn mat i sunn kropp, frihet.
Vi skal ikkje tilbake til samfunnet som eg skreiv om, men vi har kanskje kome i heilt motsett skala. Trur mange lengtar etter å roe litt ned i livet, sjå andre måtar og kose seg på og ha tolmod til skape det livet ein ynskjer. Dine verdiar kan endre seg i denne perioda, aller mest viktig er kanskje og stille seg spørsmålet: Kva har verdi for deg ?
Leva, glede, skjønnhet, ha tid til å nyte, våge leva ditt individuelle liv, kjenne på fridom til å gjera det. Skape ut frå alle sansane dine og kroppen din. Ikkje minst vera i kroppen din og vera jorda. Kom deg ut og bruk den flotte naturen vår når tankane vert for mange og støyen tek deg. Kanskje treng vi ikkje alt dette materielle som vi har trudd har vore så viktig ? For mange ting kan gjera at du ikkje kjenner deg fri.