PER FUGELLI er død 

14.09.2017

Min helt . Mitt forbilde .

Forbilde for mange med alle sine gullkorn og sin ærlegheit !

Per Fugelli er død. Min helt 💚Mitt forbilde.💚

Takk for at du har prøvd å lære folk å danse med livet ! Takk for at du har prøvd å lære oss som lever med uhelbredeleg kreft å danse med døden ! For livet har sine opp- og nedturar, og kven som trekker loddet kreft, veit ingen. Å leve med kreft har sin pris, men det har og sin gave om ein klarar sjå det. Ein vert meir naken og sårbar og meir seg sjølv, meir ærleg og kanskje meir direkte. Det ekte og nære vert viktig. Folk utan pynt som vågar vera nær er godt å dele med. Kanskje får ein meir kontakt med sitt indre, for ein er meir klar for å lytte til den indre stemma. Å få kontakt med min Sjel er viktig for meg. Så eg elskar alle dine bøker 💚

Takk for att du sette ord på det som er vanskeleg for alle oss som lever med kreft, og at du våga bringe døden inn som tema. For sanning er det einaste som held i lengda.
Eg øver kvar dag på å gje meir faan, og det kjennes godt ut :)                     Som du sa: Ver glad i deg sjølv med alle dine flekkar og feil !

Kvil i fred og ta ein dans med englane 🌹🌺