Nymåne 29.juni - om å vera kjenslemessig ærleg
Onsdag 29.juni kl 4:51 er det nymåne i Krepsen sitt teikn. Vi har ein fysisk kropp som treng trening og stell, men vi har og ein indre kjenslemessig kropp. Krepsen handlar nettopp om det indre, dine kjensler.
Krepsen er tegnet for kjensler, for familie, barndom, og for hus og heim. Våre røtter. Krepsen handlar om den kjenslemessige kroppen vår , om å vera ærleg med oss sjølv i kva som gjer ein trygg og glad.
Nymåne i Krepsen
Nymånen handlar alltid om ein ny start, noko du legg grunnlag for fram til neste fullmåne. No med Nymåne i Krepsen, når Sol og Måne står i konjunksjon i Kreps, så handlar det om å kjenne etter kva du ynskjer skal gro i deg, kva som gjer deg næring. Nokre gonger treng vi reflektere over korleis ein best gjer omsorg til seg sjølv. Kanskje du ynskjer vera med familien din, barn, barnebarn. Kanskje du ynskjer trekke deg vekk med ei god bok og samle deg aleine, tid for kvile. Kanskje du har lyst til å stelle i huset, rydde, ordne, bake ei kake, vera husmor/husfar.
Kva betyr "den kjenslemessige" kroppen ?
Krepsen sitt viktigaste tema er kanskje å lytte til alle kjenslene sine og la dei få koma ut på ein eller annan måte. Eg såg på nyhetene i helga og intervju med Morten Hegseth, etter det forferdelege som skjedde i Oslo. Hegseth sit der i intervju på NRK og let tårene flomme fritt utan nokon tegn til å tørke dei bort. Han oppmodar andre til å vera ærleg med seg sjølv i alt det vonde som skjedde, at det er lov å vera lei seg, det er lov å vera redd, det er lov å kjenne på sinne.
Vi har så lett for å mobilisere og si at dette skal vi klare, vi skal stå saman og gå vidare. Og det skal vi ! Alltid ! Men fyrst når noko skjer, på eit større eller mindre plan, så er det lov å få kjenne på alle spekter av kjensler. La dei få verta tatt på alvor og koma ut på ein trygg måte. På den måten tek vi kjenslekroppen på alvor, og på den måten set ikkje alle kjenslene seg fast og utviklar seg til ondter, som stramme musklar, fordøyelsesplager e.l. Innestengte kjensler kan gje mange plager.
Det er nettopp det denne nymånen bl.a. handlar om. Å ta din kjenslemessige kropp på alvor. Kanskje gjer du det, kanskje treng du lære det.
Ver ærleg mot deg sjølv
Så ver kjenslemessig ærleg med deg sjølv og kjenn etter kva akkurat du treng no. Kva gjer deg næring ? Krepsen handlar om næring, om å gje seg sjølv den rette føda på alle plan. Kanskje treng du ein klem, eller kanskje treng du ein tur aleine i naturen, eller kanskje ynskjer du vera i lag med andre og dele ? Eller kanskje har du finni ein plass i naturen som berre er din, din "heim" for fred og ro .
Vi er flinke til å skulle trene og ta vare på kroppen, men vi har og ein kjenslemessig kropp som vil ha merksemd. Gje den merksemd no på nymånen, kjenn etter kva du ynskjer skal spire i ditt liv no. Ver ærleg med deg sjølv og dine .
Naturen er på sitt finaste no, på sitt mest potente. Så la den berike deg.
God nymåne !