Farger kan heale ! 

10.04.2021

Vårt indre liv kan forme vårt ytre fargekart, akkurat som det ytre speglar deg.  Fargar skapar ro, det skapar kreativitet, det skapar energi, det gjer glede, det skapar jording, det gjer oss mental, og det gjer oss ekte. 

Ditt ytre og ditt indre fargekart

Har du tenkt over kor viktig fargar er i ditt liv? Kva farge utstrålar deg ? Vi vert alle påverka av fargar, bevisst eller ubevisst. Farger vi omgjer oss med, på klede vi brukar, eller i hus og heim,  virkar inn på oss . 

Når vi skal male inne i huset vårt får vi vite kva som er årets farge og kva som er fjordåret sin farge, og kanskje veit dei farga for neste år alt. Det er fint å vite, men er det den farga som er deg? Er det den farga du finn ro og glede i ? Skal du selge hus eller leilighet kjem gjerne megler, eller interiørekspert, med råd om kva du bør gjera for at det skal selge. "Du må bruke dei og dei fargene, for det er in no. Det er det som fell i smak og vil gjera at folk ser at du har mala og gjort leiligheten moderne. "Alt går på trender, men det speglar lite den som har budd der. 

Vi nordmenn er på topp når det gjeld å male og pusse opp husa våre. Eg trur at skal det vare nokre år når du skal male, så må du finne den farga som svarar til deg. Den du kjenner at du kan kvile i, den farga som ligg ditt hjarte nærast. Det er ikkje sikkert det er farga av året, men det spelar ingen rolle om du kjenner at den farga er deg frå ditt indre. Det som er viktig er at ting i huset harmoniserar og dermed skapar ein god energi. Ein god flyt og ein god ro. Folk vil slappe av i eit hus der det er lunt og jorda, utan for mykje støy av farger, men heller ikkje for lite fargar. Vi treng skape balanse mellom alle dei viktige energiane : metal, tre, jord, ild og vatn. Det mentale skal ha ro, det fysiske skal kunne falle til ro og kjenslene våre skal kunne roe seg.

Det same tenker eg når det gjeld klede. Vi kan stadig kjøpe nytt, men ser du at dei fleste kan hamne i same fargepaletten ? Nokre likar masse fargar, nokre er berre svarte, medan nokre er svart med innslag av ei farge. Nokre kjølar seg ned med blått og brunt, medan andre gjerne går i raudt eller knalle farger. No er sjølvsagt ikkje alle dagar lik. Nokre dagar kan vi ta fargerikt eller blomstrete, medan andre dagar ynskjer vi roe ned og gøyme oss litt. Nokre dagar er vi klar for merksemd, medan andre dagar let vi fargene gjera oss meir nøytrale. Dei fleste er kanskje ikkje bevisst dette, men kler seg etter humør den dagen, og det er fint berre det speglar deg. Men om du er bevisst ting, om du legg merke til folk rundt deg, kor godt er det ikkje å sjå ein fargeklatt inniblant? Vi lever langt mot nord i kalde Norge og når vinteren kjem er dei fleste i svart, blått, brunt eller grått. Kvifor er det slik ? Kvifor er det ikkje då vi treng fargar ? Er det ein grunn til at dei gamle fjellanorakkane alltid var raud ?

Fargar kan heale deg !

Eg er ingen fargeekspert og eg kastar berre ut idear her, men ein ting er eg heilt sikker på, det er at fargar er ekstremt viktig for helsa vår og livet vårt. Og kjenner du at du treng ei farge, så gå for den, sjølv om det ikkje er motefarge. Då er det noko i kroppen din som vil healast og som treng den energien. Om det er ein raud genser eller ei raud pute fordi du treng energi, eller du er for høgt flygande og treng roe ned med blått eller brunt. Kanskje treng du meir glede i livet og vil ha litt gult, eller du treng grønt for å skape litt jorda stemning, litt harmoni og ro. Finn det, skap det, eller leik med det, utan at det treng koste deg noko. 

Farger er etter mitt syn ekstremt spennande felt og eg skal gje deg eit eksempel på at farge kan heale. Når eg fekk kreft i fordøyelsessystemet i 2011 og eg låg nyoperert på Rikshospitalet ba eg ei venninde skaffe meg noko orange, eit skjerf eller kva som helst. Eg visste ikkje kvifor, men eg var så svolten på orange. Eg hadde kjent på det veldig lenge og no var det  viktigare for meg å få det enn mat nesten. Eg fekk eit orange skjerf som eg la på magen min oppå dyna. Lite tenkte eg over der og då at det låg på harachakra som er orange, og som var det område den største svulsten hadde vore.

Når eg kom heim var svolten etter orange framleis der. Så når eg kom til hektene litt, kanskje eitt år, så malte eg kjøkkenflisene mine mellom skapa orange. Det var skikkeleg energiboost. Det flamma i heile rommet. Mange syns det var voldsomt, få syns det var fint. Men eg likte det og var berre så utruleg svolten på det. Det føltes som om heile kroppen skreik etter det. I etterkant har eg lese at ein bør ha ein liten raud eller orange fargeklatt på kjøkkenet for å skape matlyst og trigge fordøyelsen. Og det var akkurat det eg trengte ! Eg var 48 kg og hadde fjerna mykje av tarmen, så eg trengte lyfte den energien opp att. Det var berre heilt perfekt for meg. Eg gjorde det fordi intuisjonen ba meg om det og fordi den kjensla var berre så utruleg sterk der og då.

 Etter ca 2 år var det for mykje for meg. Eg kjente eg vart sliten av det flammehavet. Når lyset vart skruvd på om kvelden lyste heile rommet som eit bål. Så eg dempa det heilt ned att med min favorittfarge, turkis. Det var godt å lande, og det var godt å kjenne at farga orange hadde gjort den nytta den skulle. No trengte eg ro, berre ro. Ro til å fordøye og vera i kontakt med kjenslene mine og kroppen min. Og om du lurar, turkisfarga er der enno, og eg er like glad i den ca 6 år etter. Min farge !

Gjer dine fargevalg bevisst !

Det eg vil med dette, er å gje deg eit innspel på at farger er viktig og at det endrar seg over tid, men at du skal vera bevisst ditt fargevalg. Er du ein veldig aktiv person med mykje ild så er det kanskje godt å roe ned utan sterke energifarger, og føler du at du treng energi, så boost den på ein eller annan måte. Det ytre skapar det indre og motsett. Det viktigaste er at du er tru mot deg sjølv og det du føler du treng, og ikkje det du finn i moteblad eller interiørblad eller ein ekspert seier du må ha fordi det er årets farge. Du kan gå rundt som ei moteløve eller ha ein heim som er tatt rett ut frå interiørblad, men det skapar ikkje den rette atmosfæra alltid. Det utrykker ikkje deg ! Du treng verta spegla i det ytre for at det indre skal falle til ro. Vi kan gå kurs etter kurs i sjølvutvikling, men vi kan og skape mykje med det rundt oss. Har du eit rotete ytre er det kanskje kaos i det indre, og motsett. Ver tru mot deg sjølv og dine fargar, så skapar du óg ein indre balanse. Akkurat som eit maleri.

Så kan vi sjølvsagt setje dette opp mot ditt horoskop, men det kjem eg ikkje djupare innpå her. Har du mykje skorpion i deg kan du vera glad i det svarte, har du mykje vanntegn er det blåe, turkise og duse det som pregar deg. Løva og vannmann tek gjerne hatten på hovudet og er fargerik. Ingen er berre ein ting, men noko dominerar gjerne i deg. Klare fargar eller duse fargar, varme fargar eller kalde fargar. Kven er du ? Kva likar du ? Og kva treng du akkurat no om du ikkje er heilt frisk ? Er du eitt jordteikn, ildteikn, luftteikn eller vannteikn ? Eg skal innrømme at eg går ikkje i svart eller brunt etter eg vart sjuk. Det er elegant og fint på andre, men ingen får meg til å gå i "den lille sorte". Eg orkar ikkje meire tunge fargar, då vert eg berre meir sliten og kjenner meg tung.

Så lytt til ditt indre og skap det som er deg. Det vil andre like fordi dei kjenner det er ekte. Du kjenner på ein måte om andre skapar sin sanning, og då fell du til ro hjå andre eller med andre, sjølv om det er heilt andre farger eller anna stilart du likar. Det ekte i det ytre og i det indre varar lengst ! I naturen finn vi det samstemte, men du kan og finne dine samstemte farger. Din fargepalett som strålar den du er!

Med nymånen no måndag 12.4 i Væren sitt teikn kan du gå for ein ny deg om du vil. Den ekte og autentiske deg, der den ytre handlekrafta speglar den ekte deg. Væren vågar vera direkte og ekte. Det handlar om å vera tru mot seg sjølv.

Når du føler det indre reflekterar det ytre og det ytre reflekterar det indre, då kan du puste, puste frå magen !